Arkiv

Rapport om kontrollutvalg - styrking av egenkontrollen i kommunene

Kommunalminister Liv Signe Navarsete fekk i dag forslag til 85 måtar å styrkje eigenkontrollen i kommunane på.

- Arbeidsgruppa har gjort ein grundig jobb. Eg vil vurdere å stramme inn lover og forskrifter. Dei fleste tilrådingane går på arbeidet i den einskilde kommune og fylkeskommune. Kommunane kan starte diskusjonane lokalt og setje i verk tiltak med det same, seier Navarsete.

Kommunalministeren fekk overlevert ein rapport om kontrollen internt i norske kommunar frå ei arbeidsgruppe departementet har sett ned. Rapporten peiker ut 85 måtar å styrkje eigenkontrollen på. Rapporten vil no bli sendt til alle kommunane i landet.

Departementet vil gå grundig gjennom rapporten før det blir konkludert med korleis dei mange tilrådingane skal følgjast opp.

Leiaren av arbeidsgruppa, ordførar i Steinkjer Bjørn Arild Gram, legg vekt på at hovudtilrådinga til arbeidsgruppa er å styrkje internkontrollen til administrasjonssjefen.

- Arbeidsgruppa er urolig for om kontrollsystema i kommunane er tilpassa utviklinga og utfordringane i kommunane. Administrasjonen i kommunane må setje av ressursar til å gjennomføre enkle, naudsynte kontrollar, seier Bjørn Arild Gram.

Nordlandsforsking har funne at forvaltningsrevisjon er blitt ein veletablert kontrollform, medan selskapskontroll blir nytta i mindre grad.

- Eg blir bekymra når det ser ut til at kommunane ikkje driv selskapskontroll av særleg omfang. Kommunane opprettar stadig fleire eigne selskap til å ta seg av viktige oppgåver. Meir kontroll av desse selskapa er på sin plass. Eg vil følgje utviklinga tett, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2012 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.